mandag 24. august 2026

Velkommen til Matkultur (MAK 101)

Det er kjekt med nytt studentkull på Matkultur og eg vil takke for ei trivelig samling og studiestart med safting, sylting og hermetisering på det flotte undervisningskjøkkenet ved Høgskulen i Volda.

Studentar på matkultur 2026. Foto: Kari Ryslett

No har alle fått bloggadresse og de vert etterkvart godt kjende med verktyet. På din blogg kan du skifte layout, heading, fargar og finpusse på din profil. Det viktigaste du skal gjere fagleg er å lage ein tekst med kjeldetilvisningar og å sette inn bilde eller film. Den kan vere lurt å skrive teksten i Word og samle saman bilda eller lenkene, før du legg alt inn i blogginnlegget publiserer.

Husk at bloggen er din, du bestemmer utforming, bilder, tekst og har kontroll på ditt kommentarfelt – dersom du ikkje likar ein kommentar så slett den. 

Lykke til med produkta som du skal konservere og dokumentere fagbloggen din!

Beste helsing emneansvarleg Kari Ryslett



Kven vinn årets bloggpremiar?

  No nærmar vi oss slutten av semesteret, og det er tid for å feire alt det flotte arbeidet de har lagt ned i bloggarbeidet dykkar! Kvart år...